P
Store parkeringsproblem på Uvdalsvegen
Sundag blei det meldt om store parkeringsproblem langs Uvdalsvegen frå Uvdalstjønna og vidare inn mot Uvdal gard. «Alle» skulle på sundagstur her denne dagen. Var det den populære Gulltrimmen som trigga mange turgåarar?
Ein mann på staden telte 63 bilar på strekninga og rundt 45 stykk av desse i området ved parkeringa for turstien til Gygrestolen. Andre kjelder snakka om rundt 75 bilar i området samtidig.