AKTIVITET: Dagleg leiar Martin Holtskog
Marta Kjøllesdal
Store ting på gang: – Salet går godt, og me vil vere tomme før fristen
Telefrukt byggjer ut meir og aukar kapasiteten til å lagre eple vesentleg. Salet av vintereple går godt.
Det er lenge sidan vinteren la seg over landskapet og epleplukkarane var ferdige for hausten, likevel trillar epla stadig ut frå lageret til Telefrukt. Måndag gjekk rundt 40 pallar ut, og tysdag skulle 30 pallar av garde. 33 pallar er ein full lastebil.