GOD STØTTE: Løparen Matias Sunde og leiar Rune Romnes (bak) i friidrettsgruppa får god støtte av samarbeidspartnarane Lene Svalbjørg Tangen (Sparebanken Sør), og Øystein Slettemeås (Sport1 Glexe).
Unni Buverud
– Støttespelarane våre er heilt avgjerande for oss
Når friidrettsgruppa kan gje gratis tilbod til barn og vaksne, er det takka vere gode støttespelarar som Øystein og Lene.
Leiar i friidrettsgruppa til Skarphedin IL, Rune Romnes, fortel at dei driv gruppa utan å krevje treningsavgift for å vere med på aktivitetar. Det er meininga at friidrett skal vere eit lågterskeltilbod, og at det skal vere heilt gratis. Det einaste som krevst er at ein er medlem i Skarphedin.