STRAUMSTØTTE: No er det klart korleis straumstøtta i Midt-Telemark blir.
Øystein Akselberg
Straumstøtteordninga er klar, her er reglane
Kommunen har løyvd 7,25 millionar kroner til straumstøtte til næringslivet. No er ordninga klar og det kan søkjast.
Kommunen har fått ekstra utbytte frå kraftselskap den er medeigar i. Til saman 7,25 millionar kroner har ein fått. Desse pengane har fleirtalet i kommunestyret vedteke at ein skal sette inn i ei ordning der bedrifter i kommunen kan søkje om støtte til å betale til dels ekstremt høge straumrekningar.