Ta ein telefon: – Åtte minutt kan gjere dagen eit hakk betre
Audun Haga i Kirkens SOS har slutta å skrive julekort, han tar heller ein telefon. Ein telefonprat kan bety mykje.
Jul er høgtid, men også høgsesong for organisasjonar som Kirkens SOS. Dagleg leiar for Kirken SOS Telemark, Audun Haga, fortel at dei bemannar opp telefon- og chatte-tenesta til jul. Erfaring viser at det kan kome godt med.
– Me reddar dagen for mange og livet for nokon kvar dag heile året, men for mange er jula eit forstørringsglas. For dei som gleder seg blir gleda ekstra stor, medan for dei som kjenner på einsemd og sorg blir det forstørra i jula, seier Haga.
Frivillige klare på Gvarv
Kirkens SOS si avdeling på Gvarv er med på den nasjonale dugnaden som organisasjonen står for i jula. Telefon- og chattetenesta er open kvar dag heile jula, og mellom 20 og 30 vakter vil bli tatt frå Gvarv, opplyser Haga.
Avdelinga i Midt-Telemark har nå 20 frivillige.
Haga oppfordrar alle som treng nokon å prate med om å ta kontakt med Kirkens SOS, der frivillige sit klare til å svara. Men også alle andre kan vera med på å gjera ein forskjell i samfunnet. Ein telefonprat kan bety svært mykje i høgtida.
– Pass på å ta ein telefon til nokon som synest det er hyggeleg med ein telefonprat. Sjølv har eg slutta å skrive julekort, eg ringer heller til folk og ønskjer god jul. Forsking viser at ein god telefonprat på åtte minutt kan ha avgjerande betydning for korleis dagen er. Det kan gjera den eit hakk betre, seier Haga.
– Rekk ut ei hand
I ei ny undersøking frå forsikringsselskapet Frende seier sju prosent at dei feirar jul åleine.
– Rekk ut ei hand viss du veit om nokon som er aleine, seier rådgivande lege i Frende Forsikring, Helge Skjerven.
– Nokon ønsker å vera aleine og dei skal få lov til det, men me veit at mange er einsame og gruar seg til høgtida. For dei kan det vera redninga om akkurat du tek kontakt, seier Skjerven.
Han får støtte av sjefpsykolog Oshadie Simonsen i den digitale helsetenesta Eyr.
– Jula er ei tid som me forbind med fellesskap og samvær. Eg synest det er bekymringsfullt at så mange er aleine på julaftan, seier Simonsen.
Flest menn
Nesten dobbelt så mange menn som kvinner seier dei feirar aleine, viser Frende-undersøkinga.
– Det overraskar meg ikkje. Me veit at menn er meir utsett for einsemd enn kvinner. Ein del har færre nære relasjonar, spesielt etter store livsendringar som skilsmisse eller tap av ektefelle og nære vener, seier Simonsen.
Det er færre i dei yngre aldersgruppene som er aleine.
– Ein del av det kan forklarast med at yngre er flinkare til å snakke om at dei har det vanskeleg. Dei har oftare eit sterkare familienettverk og lettare for å involvere seg i aktivitetar med vener. Eldre skammar seg over å vera aleine og det kan påverke både fysisk og psykisk helse, seier psykologen.
Våg å seie frå
Lege Helge Skjerven peikar på at jula er ei tid med store forventingar.
– Me hausar opp jula frå tidleg om hausten og då er det vondt å sitte aleine viss du ikkje ønskjer det. Det blir mykje enklare for dei rundt deg å hjelpe viss dei veit korleis du har det. Du sit med nøkkelen, viss du vågar å seie frå. Samstundes håpar eg at alle tek ein titt rundt seg og er litt merksame. Ein invitasjon kan bety mykje for dei som føler seg aleine. Og den er hyggeleg å få for dei som faktisk vil vere aleine òg. Det er viktig å inkludere og vise omsorg, det er mykje av julas bodskap, seier Helge Skjerven i Frende Forsikring.
Her er flest åleine på julaftan:
- Trøndelag - 13 prosent
- Agder - 13 prosent
- Møre og Romsdal - 9 prosent
- Vestfold - 9 prosent
- Buskerud - 8 prosent
- Innlandet - 7 prosent
- Akershus - 7 prosent
- Østfold - 7 prosent
- Troms - 6 prosent
- Finnmark - 6 prosent
- Vestland - 6 prosent
- Rogaland - 5 prosent
- Telemark - 4 prosent
- Oslo - 3 prosent
- Nordland - 3 prosent
Kjelde: Frende Forsikring