STÅR SAMAN: Ekteparet Vincent´t Hart og Tanja Sluijsmans står på, trass tøffe tider for lokalbutikken.
Unni Buverud
Tanja og Vincent gjev seg aldri – sjølv om det er tøffe tider
«Vi gir oss aldri, på Service» står det på plakaten ved Joker Nordagutu. Eigarane vel å ha ei humoristisk tilnærming til dei tøffe tidene med høge prisar på mat og straum, og ferre kundar.
Mange er nok kjend med ordtaket «Vi gir oss aldri på pris», som ein annan kjend butikkjede reklamerer med. Skiltet som møter kundane utanfor den lokale Joker-butikken, har ein litt anna variant. I følgje Tanja Sluijsmans er skiltet meint som eit humoristisk innslag. Men samstundes ligg det alvor bak.