Tarjei fann draumebustaden øvst i Bøgata
Tarjei Gåsdalen fall for den litt industrielle stilen med betongtak inne og enkle løysingar. – Eg synest dette er tøft, seier bøheringen, som snart flyttar inn i ny bustad med kjærasten.
Tarjei Gåsdalen har leilegheit i Breisås, medan kjærasten Heidi bur i studentbustad i Bø. No blir dei sambuarar i flunkande ny leilegheit i burettslaget i Bøgata 10, for mange kjend som Liabygget.