Thea (24) får det største stipendet: – Eg er så glad, særleg fordi det kjem frå lokalsamfunnet mitt
Thea (24) frå Gvarv stakk av med det største stipendet då Bjørn Thores Minnefond la fram si tildeling i dag. 15 unge talent frå heile Telemark søkte i år. Seks blei belønna med stipend.
– Eg er veldig glad for støtta, særleg fordi den kjem frå mitt eige lokalsamfunn. Stipendet gjer at eg kan frigjere tid til å fokusere meir på og gjennomføre prosjekta mine, seier Thea.