NØGD MED UTVIKLINGA: Assisterande butikksjef på Kiwi Bø, Hege Flåten, er nøgd med at butikken har ein jamn auke i kundegrunnlaget.
Øystein Akselberg
To butikkar har auke i salet
Salet av øl og rusbrus i daglegvarebutikkane i Midt-Telemark gjekk ned for andre året på rad i fjor. Kiwi Bø tronar på salstoppen og har også ein auke i salet.
Midt-Telemark kommune hentar inn salsoppgåver frå både daglegvarebutikkar og serveringsstader når det gjeld alkoholhaldig drikke. No er statistikken klar for 2023.