Tragedien på Akkerhaugen 17. mai i 1911
Ein stor tragedie ramma Sauherad i 1911, da tre ungdomar drukna. Ulykka blei omtalt i aviser landet over og blei også til ei vise.
På loftet hos Gro Birgit og Torstein Sannes på Nigard Gunheim på Gvarv finst mykje spennande lokalhistorie. Her har Gro Birgit funne eit trykk med visa som fortel om drukningsulykka som kosta tre ungdomar livet.