VENTAR VEKST: Johannes Eika t.v. og Halvor Eika ventar vekst i år.
Marta Kjøllesdal
Trass i tronge tider ventar brørne Eika vekst
Brørne Johannes og Halvor Eika kjøper mest brukt, har sendt hjullastarar til indre Troms og kjem til å selje nærmare 35 traktorar i år.
I oktober i fjor flytta Eika Maskinsalg frå Breskelia til Brenna. Her sel brørne Johannes og Halvor Eika brukt og nytt, alt frå rammer, kraftoverføringsakslar og kjettingar til store maskiner som hjullastarar.