LEDIG STILLING: Gvarv legesenter.
Marta Kjøllesdal
Tre har søkt legestillinga på Gvarv
To legar har nyleg sagt opp stillingane sine i Midt-Telemark kommune. Søknadsfristen til den eine er ute, og fleire har søkt.
Fastlegar, eller mangel på fastlegar, er eit tema som stadig dukkar opp. I Midt-Telemark har ein no legar i alle stillingane, men i løpet av sommaren sluttar to av dei. Stillinga til legen som sluttar på Gvarv har vore lyst ut og det har no kome tre søkjarar. Alle er kvalifiserte legar.