Turar i Midt-Telemark
Bø og Sauherad har rike moglegheiter for turar i skog og fjell. Her kjem nokre forslag til nokre fine turar. Det er også lov å finne eigne favorittar.
Både Bø og Sauherad har eit rikt og variert turtilbod. Folk som likar friluftsliv og trim vil ha stor glede av kva turområdet har å by på. Mange turfolk må rett og slett opp i høgda for å sjå kor fint bygdene ligg mellom kyst og høgfjell, mellom Norsjø
og Lifjell.
Både i Bø og Sauherad er det eigne turlag som er flinke til å merkje og leggje til rette for turgåing. Det er også tilbod om fellesturar for dei som vil gjere seg kjent på nye plassar og gå saman med andre.