K
Una Langkås til London
Norges Toppidrettsgymnas (NTG) Bærum Fotball melder at «London calling» for Bøs store keepertalent Una Langkås (16). Una går i første klasse ved NTG Bærum som no sender Una og to andre spelarar på trenings- og kampsamling i London.
NTG Norge har eit samarbeidsprosjekt og har nå teke ut ei gruppe jenter som skal avgårde for å trene og spele kamp i London i januar. Tre spelarar frå NTG Bærum er teke ut og Bø-jenta Una Langkås er ei av dei. Det blir jobba med kamp mot akademilaget til sjølvaste Chelsea i Cobham 21. januar. Det kan også bli kamp dagen etter.