T
– Urealistiske forventningar til Hentmeg
Hentmeg-bussen fekk ein dårleg start og det vart sett urimeleg høge forventningar til prosjektet. Det forklarar Venstres fylkestingsrepresentant. Han vil gjere tilbodet betre.
Venstre har fått gjennomslag i fylkeskommunen for å forlenge prosjekt Hentmeg. Det er Vestfold og Telemark fylkeskommune som driv bussen. Prøveprosjektet med ein bestillingsbuss går ut ved årsskiftet og administrasjonen hadde tilrådd at ein går tilbake til Bøbussen med faste rutetider. Saka vart behandla i samferdselsutvalet 21. oktober.