EI VIKTIG UTFORDRING: Janne Wikheim Aas, seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, meiner det er viktig at kommunane får opp augo for utfordringa med vald, og set den på dagsorden.
Statsforvaltaren
– Vald på sjukeheimar er ei utfordring som må på dagsorden
Fleire kommunar har sett vald på sjukeheimar på dagsorden. Det viser ei undersøking Statsforvaltaren har gjort.
– Det er viktig at kommunane får augo opp for utfordringa, set den på dagsorden og tek i bruk verktøya som alt finst. Tenestene må skaffe seg oversikt over dei faktorane som kan auke risikoen for at vald og overgrep kan skje på sjukeheimar.