Vant fleire hundre tusen
Tysdag denne veka fekk Anne Aarnes seg ei skikkeleg overrasking. Den førte til at ho blei 375.000 kroner rikare.
Anne Aarnes frå Gvarv i Midt-Telemark blei trekt ut som Extra-kandidat tysdag kveld medan ho sjølv var på jobb som vertinne for bingospelande midt-telemarkingar. På bingoen på Gvarv fekk ho vite at ho var med i spelet, men fordi ho var på jobb hadde ho ikkje høve til å vere med og snakke med programleiaren under TV-sendinga. Premie blei det likevel på Anne.