ISLAGT VATN: Skåråfjellholmen på Lifjell.
Øystein Akselberg, arkivfoto
– Ver forsiktig, sjølv solid is kan vere lunefull
I møte med vinterens lunefulle vêrskifte oppmodar Norges Livredningsselskap (NLS) alle til å prioritere isvett.
Vinteren har kome for fullt mange stader og fleire ønskjer å kose seg ute i naturen. Det kan ein også gjere på dei mange islagte vatna som ein finn ute i skogane og på fjella, men ein bør alltid vere litt påpasseleg viss ein skal ferdast på is. Isvett er ei
ei enkel og viktig forsikring for å vere tryggare på tur.