KREV UTBYGGING: Det er dette krysset fylkeskommunen meiner bør byggjast ut dersom Bø Handelspark skal få løyve til utviding.
Øystein Akselberg
Vil gjere noko med dette krysset – fryktar at ambulansar vil stampe i bilkø
Fylkeskommunen er ikkje nøgd med den nye planen for utviding av Bø Handelspark. Den meiner ein bør gjere nye berekningar om konsekvensane for trafikken i krysset mot riksveg 36.
Kommunestyret vedtok måndag ny reguleringsplan for utviding av Bø Handelspark. Eit av diskusjonspunkta før møtet var om fylkeskommunen hadde levert innsigelse på utforminga av krysset mellom Valenvegen og Riksveg 36.