RÅNARAR: Ole-Esten Greina (t.v.) og Even Solaas ved panseret på ein 1996 Mercedes Benz 124.
Øystein Akselberg
Vil gjere noko med støyen: – Me har skjøna alvoret
Ole-Esten Greina og Even Solaas har fått større forståing for at høg musikk frå rånarbilar kan vere eit støyproblem, og dei vil at sentrum skal vere ein god plass for alle.
– Me har teke lærdom av diskusjonen som har vore rundt støyproblem i gata. No handlar det om å få alle i bilmiljøet til å skjønne dette, seier to unge rånarar i Midt-Telemark, Ole-Esten Greina (21) og Even Solaas (21).