STILLER SPØRSMÅL: Glenn Isaksen (H) vil i neste kommunestyremøte stille fire konkrete spørsmål til ordføraren. Eitt handlar om helsesjukepleiar.
Gro B. Røiland
Vil ha helsesjukepleiar tilbake: – Kan få alvorlege konsekvensar
– Det er veldig bekymringsfullt at me ikkje har helsesjukepleiar på Bø ungdomsskule, seier Glenn Isaksen (H). Nå set han saka på dagsorden i kommunestyret.
I fleire år har Glenn Isaksen engasjert seg mot mobbing og utanforskap blant barn og unge, både som privatperson og lokalpolitikar. At Bø ungdomsskule ikkje lenger har helsesjukepleiar på skulen, finn han uakseptabelt.