TRAVELT: Det er travelt på både Bø legesenter og Gvarv legesenter for tida. Det er mykje sjukdom, og mange ønskjer time hos fastlegen sin.
Arkivfoto
Vil kjøpe opp pasientlister og spare kommunen for millionar
Midt-Telemark kommune slit, som mange andre kommunar, med å skaffe legar til ledige stillingar og vikariat. Det kostar millionar og no ønskjer ein å gjere tiltak for å betre situasjonen.
Det går fram av ei sak som skal opp i formannskapet måndag. Sakspaira viser at Midt-Telemark kommune brukte fem millionar kroner på legevikarar i fjor. I år er budsjettet på 2,5 millionar kroner. Dersom ein ikkje får rekruttert i ledige stillingar, er ein redd at utgiftene kan bli like store som i fjor.