VIL SAMARBEIDE: Kokk Kathrine Rui, eigar Helge Solberg og direktør Ottar Langåsdalen ved Bø hotell er positive til eit nytt samarbeid med fylkeskommunen.
Øystein Akselberg
Vil leggje yrkesopplæring til Bø: – Bra for både Bø hotell og bransjen
Fylkeskommunen foreslår å leggje to typar yrkesopplæring til Bø. Det vil vere godt nytt for det store utbyggingsprosjektet ved Bø hotell.
Tidleg i januar skreiv Bø blad at Bø hotell, med Helge Solberg i spissen, for alvor nærmar seg ei realisering av planane om å byggje ein kunnskapspark i tilknyting til hotellet. I tillegg er det planar om å utvide sjølve hotellet. Prosjektet er rekna til ein kostnad på 70 millionar kroner og utbygging vil gje 2.500 nye kvadratmeter.