I
Ville ha vikaren – han takka nei til jobben
Alf Rose Sørgaarden var førstevalet til Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd da det skulle tilsette ny kyrkjeverje i kommunen, men han har takka nei til tilbodet.
Alf Rose Sørgaarden har vore tilsett som kyrkjeverjevikar i Midt-Telemark sidan august 2022, da Martin Stærk fekk permisjon frå stillinga. Stærk sa opp stillinga si tidlegare i vinter, og jobben blei lyst ut. Sørgaarden var ein av fire søkjarar på stillinga, som hadde søknadsfrist 24. mars 2023.