Bø blad - personvernerklaering

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel om korleis Bø blad samlar inn og brukar personopplysningar. Bø blad, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Der det daglege ansvaret er delegert, kjem det fram under kvart enkelt punkt. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå våre nettstader (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Behandling av personopplysningar på boblad.no

Dagleg leiar har ansvaret for Bø blad sine behandlingar av personopplysningar på boblad.no med tilhøyrande undersider. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å oppgi personopplysningar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller sende inn påmelding til arrangement. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstad, blir lagra på eigne serverar som blir drifta i nettskya. Det er berre Bø blad og vår leverandør Labrador CMS som har tilgang til opplysningane som blir samla inn.

Nettstatistikk

Bø blad samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkande på boblad.no. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi bruker til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta.

Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar.

Informasjonskapslar

Cookies - eller «informasjonskapslar» - er ein standard teknologi som stort sett alle nettstader nyttar i dag. Cookies er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di. Filene inneheld informasjon om til dømes innstillingar du gjer på nettstaden, teknisk informasjon om eininga du bruker, kva sider på nettstaden vår du besøker, og korleis du navigerer mellom dei ulike sidene.

Følgjande informasjonskapslar blir brukte på kanalen.no:

Når du vitjar vår nettstad, brukar vi Google Analytics og det norskutvikla analyseverktøyet Kilkaya for å analysere din bruk av nettstaden. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å analysere korleis brukarar av vår nettstad finn nettstaden og nyttar den, slik som kor mange brukarar som vitjar nettstaden, kvar dei kjem frå og kor lenge vitjinga varer.

Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Dette inneber at vi ikkje kan spore opplysningane tilbake til den enkelte brukar, og at dataa blir slått saman til ei gruppe og ikkje behandla individuelt.

Kilkaya loggar ingen personinformasjon, men set ein førstepartscookie for å kunne logge talet på unike brukarar og sesjonar innanfor ein dag på domenet. Databehandlingsavtale/taushetserklæring er inngått med Kilkaya.

Syne annonsar

Kanalen brukar informasjonskapslar for å syne deg annonsar. Google Ad Manager er vårt annonsesystem, og dette nyttar seg av informasjonskapslar for å gje annonsørar tilgang til relevante målgrupper basert på lokasjon, historikk eller interesser.

Google ivaretek ditt personvern i samsvar med gjeldande lover og ordningar.

Du finn meir informasjon om Googles personvern her: https://policies.google.com/technologies/partner-sites

Om du ønskjer å deaktivere sporing i Googles annonsar kan du gjere det her: https://support.google.com/ads/answer/2662922?hl=no

Powered by Labrador CMS