FLAUMSKADE: Det blei store skadar på vegar og stiar etter dei to flaumane i kommunen, som her på stien langs Bøelva.

Flaum, fest og friluftsliv i vekas quiz

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det José sin tur.

Publisert

1. Kva heiter teknisk sjef i Midt-Telemark kommune?

2. Kva for ein dato var den første flaumen i kommunen denne sommaren?

3. Kor mange veker etter vart det flaum igjen?

4. Kva for ei avis i Telemark var opplagsvinnar denne veka, målt i prosent?

5. Kor mange prosent var oppgangen på?

6. Kva skjer ved Gvarv stasjon komande laurdag?

7. Kven er styreleiar i Norsk Eplefest?

8. Kor kan du sjå utstillinga frå årets eplefestkunstnar?

9. Når er det Friluftslivets år?

10. Kva heiter den nye rektoren ved Gvarv skole?

11. Kva for ein bedrift sponsa skulesekkar til alle førsteklassingane i Midt-Telemark i år?

12. Kva for eit handlesenter opna for 25 år sidan?

13. Når er årets TV-aksjon?

14. Kva for ei foreining er mottakar av midlane som blir samla inn?

15. Kva vil dei bruke pengane på?

AKSJONSKOMITÉEN 2024: Bak f.v. Berih Ghebrehiwet, varaordførar Bjørn Magne Langkås, Ingrid Bergane, Arnhild Bø, Anita Haugo Fredly og Torbjørn Kallestad. Framme f.v. Jeanett Kaasa og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland. I tillegg er Anne Gro Kleivi med.

SVAR:

1) Hans Kortner Ryen 2) 22. juli 3) Cirka 6 veker 4) Bø blad 5) Fem prosent 6) Det er marknadsdag med Norsk Eplefest 7) Mette Haugholt 8) Ved Galleri Nyhuus 9) i 2025 10) Kjersti Bollerud 11) Midt-Telemark breiband 12) Sønstebøtunet 13) 20. oktober 14) Barnekreftforeningen 15) Dei vil etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo.

Powered by Labrador CMS