NYTT ARRANGEMENT: Veit du kven som står bak?
Peter Jørgensen
Har du følgd med i lokalavisa i det siste? Sjekk om du kan svare på dette
Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Marta sin tur.
- Kjersti Bollerud starta i ein ny sjefsjobb i august. Kva for ein?
- Korleis utvikla folketalet i Midt-Telemark seg første halvår i år?
- Kven gjorde det slik at førsteklassingane fekk lik skulesekk også i år?
- Nyleg heldt tidlegare medlem i eit av landets mest kjende danseband konsert på Bø sjukheim. Namn på mann og band?
- Bane Nor møtte fleire ordførarar i Bø nyleg. Temaet var?
- Bø blad har fått ei ny stilling. Kva for ei?
- Kven arrangerer den store loppemarknaden i Bø i slutten av august?
- Ei ny bru vart rett og slett lyfta på plass i Midt-Telemark nyleg. Kva for ei?
- Kven arrangerte nyleg eit motbakkeløp i Midt-Telemark?
- Kva er Roheimparaden?
- Ein butikk i Bøgata er tilbake med same varetype, men nytt namn og eigar?
- Eigar og primus motor er?
- Komponisten frå Gvarv har sett musikk til dikt av nobelprisvinnar Jon Fosse. Namnet?
- Kven var det som hadde laga bestillingsverket til Telemarkfestivalen i år?
- Eit ny-gammalt lokale vart teke i bruk til konsert under årets Telemarkfestival. Kva for eitt?