Quiz:

QUIZ: Ein lang epoke er snart over for Anund. Veit du kva for ein butikk det gjeld?

Her kan du som har lese avis teste deg

Har du lese Bø blad denne veka så har du gode sjansar for å kunne svare på spørsmåla i vekas quiz.

Publisert Sist oppdatert

1. Kva for ein butikk lokka med gratis kurs i trefelling i går?

2. Kva for ein film hadde premiere på Bø kino på valentinsdagen?

3. Kva heiter skodespelaren som har hovudrolla i denne filmen?

4. Kva for eit lag i Midt-Telemark har fått flest grasrotpengar i 2024?

5. Mobile Bø hadde lansering av ein ny bil torsdag, kva heiter den?

6. Kva for ein butikk i Bøgata avviklar drifta i løpet av våren?

7. Kor mange år har denne butikken eksistert?

8. Kva for ei sertifisering har reiselivet i Nome og Midt-Telemark nettopp fått?

9. Kven deler ut denne sertifiseringa?

10. Kva for eit merkeår er Bø blad med på å markere i år?

11. I kva slags konkurranse premierer lokalavisa vinnarane med ei bålpanne?

12. Kva heiter den unge midt-telemarkingen som har vunne Drømmestipendet i år?

13. Kva slags musikkinstrument spelar ho?

14. Kor ønskjer Sauherad historielag å reise eit minnesmerke?

15. Kva for ein ulykke minner minnesmerket om?

 

KONKURRANSE: Redaktøren i Bø blad, Hilde Eika Nesje, lokkar med ei bålpanne som gevinst i avisa sin konkurranse.

 

Svar: 

1) Felleskjøpet 2) Bridget Jones: Mad about the boy 3) Renee Zellweger 4) Skarphedin idrettslag 5) Hyundai Inster 6) Grivi 7) Nesten 75 år 8) Merket for berekraftig utvikling av reisemål 9) Innovasjon Noreg 10) Friluftslivets år 11) Ein fotokonkurranse 12) Marie Tveter 13) Tverrfløyte 14) På Nordagutu stasjon 15) Den store jernbaneulykka ved Hjuksebø i 1950

Powered by Labrador CMS