KOR ER ME: Her møter Midt-Telemark tre andre kommunar på ein nut i vest.
Dag Einar Hvitsand
Kor god er du eigentleg i geografien der du bur?
Kva veit du om geografien i Midt-Telemark? Her kan du teste deg i romjulsquizen frå Bø blad.
1. Kva heiter dei tre store vatna som omkransar Midt-Telemark?
2. Kor stor er kommunen vår i km2?
3. Kor høgt er kommunens høgaste fjell, og kva heiter det?
4. Kva heiter Midt-Telemarks fire tettstader?
5. Kva heiter området som går frå Bø til Gvarv via Hørte langs Hørtevegen?
6. Kva heiter vatnet du køyrer langs når du kjem inn i Notodden kommune frå Bø via Folkestad?
7. Kommunen har ei kort grense mot eit nabofylke. Kva for eit fylke er det og kor er grensa?
8. Kva heiter elva mellom Heddalsvatnet og Norsjø?
9. Midt-Telemark møter tre andre kommunar på ein nut i vest. Kva heiter nuten og kva for kommunar møtest her?
10. Kor høgt må ein eigentleg for å komme opp på toppen av Gygrestolen?
11. Heilt søraust i kommunen, ligg eit fjell som du kanskje kan dele livet med. Kva heiter det?
12. Kva heiter det høgaste fjellet aust i kommunen?
13. Kor i Midt-Telemark finn ein Svarttjønn/tjørn/tjenn?
14. Kommunegrensa vår går eit stykke ute i Heddalsvatnet og svingar inn igjen på austsida ved ein hissig bekk. Kva heiter den?
15. Kor er Bråfjorden?