Kva kan du om fargar og lys?
Den mørke årstida kan by på både spennande kontrastar og flotte fargar når mørket og lyset dansar med kvarandre. Test deg sjølv på kva du eigentleg kan om lys og fargar.
1. Kor mange fargar er det i regnbogen?
2. Ifølgje forskarar er det ein farge som dei fleste likar. Kva for ein?
3. Kor mange prosent av verdas befolkning har blå auge?
4. Statistikken viser at denne bilfargen gir minst sjanse for å hamne i ulykker.
5. Kva heiter det viss du har fobi mot fargar?
6. Kor kjapt går lyset?
7. Kor lang tid brukar lyset frå sola til jorda?
8. Kva heiter nordlyset på latin?
9. Kor lenge er det mørketid på nordpolen?
10. Kva er fotosyntese?
11. Kva er solnedgang?
12. Kvifor blir himmelen rosa?
13. Kor ofte er det supermåne?
14. Hva heter farge på italiensk?
15. I kva for ein by ligg Color Line stadion?
SVAR:
1. Sju 2. Blå 3. Åtte prosent 4. Kvit 5. Chromatofobi 6. 300 000 kilometer i sekundet 7. Cirka 8 minuttar 8. Aurora borealis 9. Seks månader 10. Fotosyntese er ein prosess kor planter, alger og nokre typer bakteriar fangar lysenergi og lagrar det som kjemisk energi 11. Tida på døgret da sola om kvelden går ned under horisonten i vest 12. Når det er mykje fukt i lufta kan himmelen bli rosa fordi vatnet i atmosfæra absorberer nokre av dei røde bølgjelengdene som elles hadde gjort himmelen meir raud 13. Tre-fire gonger i året, når fullmånen er på det næraste punktet i banen sin rundt jorda 14. Colore 15. Ålesund