Quiz før jul:

KONSENTRASJON: Her er ein gjeng i gang med å lære eit gammalt handverk. F.v. Anita Haugedal, Gro Cathrine Aasgrav, Torhild Aavik, Aslaug Dyrud Kristiansen, Unni Aasen og Mari Haugerud.

Kva kan du om juletradisjonar?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne førjulsquizen. Her kan du bryne deg på juletradisjonar.

Publisert

1. Ifølgje diktaren Inger Hagerup tenner me det første adventslyset for glede. Kva tenner me dei andre tre lysa for?

2. Ifølgje gammal tradisjon, kor mange ulike julekaker må ein bake?

3. Kva heiter desse kakesortane?

4. Kva kallar danskane julenissen for?

5. I Etiopia er julaftan på ein annan dato enn 24. desember. Kva for ein?

6. Julegrana på Trafalgar Square i London blir kvart år gitt i gåve frå Oslo, men kva er grunnen til det?

7. Kva er hovudingrediensen i pepperkaker?

8. Kva kallar svenskane julegåver?

9. Kva kallar me den tyske versjonen av gløgg?

10. Kva heiter mannen som har alle stemmene i den norske dubba versjonen av "Tre Nøtter til Askepott"?

11. Kva blir akevitt laga på?

12. Kven står bak det årlege juleshowet i Gullbring kulturhus i starten av desember?

13. Kor er det kakekø i Midt-Telemark i slutten av november?

14. Kven sørgjer for julelys i Bø sentrum?

15. I Midt-Telemark er det tradisjon å bruke julehandkle som julegardiner. Kva heiter handarbeidet på desse? 

SVAR: 

1. Lengsel, håp og fred 2. Sju 3. Dei sju slaga var tradisjonelt Goro, Krumkaker, Smultringar, Fattigmann Berlinerkransar, Sandkaker og Sirupsssnippar 4. Julemanden 5. Den 6. januar 6. Som takk for den britiske støtta under andre verdskrigen. Grana er gitt i gåve kvart år sidan 1947 7. Kveitemjøl 8. Julklappar 9. Glühwein 10. Knut Risan 11. Potet 12. Midt-Telemark kulturskule 13. På Bø Museum, der det blir selt småkaker og julebrød 14. Sentrumsringen i Bø 15. Firfletting 

Powered by Labrador CMS