SØTT ARRANGEMENT: Det nærmar seg tida for bygdas søtaste arrangement. I fjor var Ellinor med.

Kva veit du om felekommunen Midt-Telemark? ­

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Gro sin tur.

Publisert

1. Eit lag i bygda kan i år feire 90 år. Kva heiter laget?

2. Kven fann på namnet i 1934?

3. I Midt-Telemark finst det eit lag for barn og unge innan same sjanger. Namn på laget?

4. Kven etablerte det?

5. Dette laget står bak ein søt tradisjon. Kva?

6. Ideen kom frå ein kjent spelemann. Kven?

7. Når i år er dette søte arrangementet?

8. Bøkappleiken er også på hausten. Når er den?

9. Kven er arrangør?

10. Kor går dette arrangementet føre seg?

11. Utanfor lokalet er det minnesmerke over ein av bygdas store spelemenn. Kven?

12. Kor mange skulpturar er det i Midt-Telemark til minne om spelemenn?

13. Kven er dei?

14. Kor står dei?

15. Kven har den høgaste gravstøtta på Bøhaugen?   

Svar:

1) Spelemannslaget Bøheringen 2) Kristiane Lund 3) Bø juniorspelemannslag 4) Heidi Løvlund 5) Sjokoladekappleik 6) Anund Roheim 7) Søndag 17. november 8) Fyrste helga i november 9) Spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring, Bø juniorspelemannslag og Bø ungdomslag 10) På Sandvin 11) Gunnulf Borgen 12) Fire 13) Gunnulf Borgen, Torkjell Haugerud, Lars Fykerud og Møllarguten 14) I same rekkefølgje; På Sandvin, Bø stasjon, kommunehuset på Akkerhaugen og Nordagutu stasjon 15) Lars og Hans Fykerud    

Powered by Labrador CMS