Quiz:

MIDT-TELEMARK: Årnesbukta ved Gvarv, med utsikt mot kommunens høgaste fjellparti.

Kva veit du om Midt-Telemark?

Dagens quiz handlar om Midt-Telemark kommune. Kanskje finn du noko du ikkje visste om kommunen din? Test deg sjølv her.

Publisert

1. Når blei Midt-Telemark kommune oppretta? 

2. To grunnkrinsar i Sauherad vart same dag overført til Notodden. Kva heiter dei? 

3. Kor mange kommunar grensar den nye kommunen til? 

4. Kva for kommunar er dette? 

5. Vinje er største kommune i fylket med 3.851 kvadratkilometer. Storleiken på Midt-Telemark? 

6. Jordbruket utgjer 9,2 prosent av arealet. Kor mykje utgjer skogarealet av totalen? 

7. Kva var folketalet i Midt-Telemark per 1. oktober 2024 (siste offisielle tal)? 

8. I nokre år på 1900-talet budde det fleire i Sauherad enn i Bø. Når blei Bø størst? 

9. Kva er kommunens lågaste punkt? 

10. Og det høgaste? 

11. Eit junior-VM blir arrangert i Sverige i dagane 26. februar til 5. mars. Kva handlar det om? 

12. Kva heiter midt-telemarkingen som er med der? 

13. Ei viktig turistbedrift kan feire 40 år i Bø til sommaren. Kva for ei? 

14. Kor mange eple er det bilde av i kommunevåpenet til Midt-Telemark? 

15. Ein del av fakta i denne quizen er henta frå Store norske leksikon på nett. Der står det at avisa Varden er den mest leste avisa i kommunen. Trur du at me kan stole på oppslagsverket?

 

Svar:

1. 1. januar 2020 2. Angard og Hjuksebø 3. Det er seks nabokommunar 4. Notodden, Skien, Nome, Seljord, Kviteseid og Kongsberg 5. 487 km2 6. 72,3 prosent 7. 11.067 8. Cirka 1965 9. Norsjø, 15 meter over havet 10. Jørundnatten, 1275 moh 11. Skiskyting 12. Andreas Aasen Haug 13. Bø Sommarland 14. Ingen, berre tre hardingfeler 15. Svaret er nei. Bø blad er den mest leste avisa i kommunen.

Powered by Labrador CMS