Romjulsquizen:

TEST DEG SJØLV: Dagens quiz handlar om ulike vêrfenomen. Denne skya var å sjå over Gvarv den 19. desember 2023.

Kva veit du om vêrfenomen?

Test deg sjølv, eller nokon andre, med denne romjulsquizen. I dag kan du bryne deg på vêrfenomen.

Publisert

1. Kva er definisjonen på vêrfenomen?

2. Kva er «fubelføre»?

3. Kva kallar ein dei små og kraftige lågtrykka i Nord-Noreg på vinterstid?

4. På vestlandet kallast ein vêrtype for «vadlasletta». Kva er det?

5. Har vêruttrykket «kakelinna» noko med jula å gjere?

6. Kor på fastlandet i Noreg bles det mest?

7. Kva heiter skalaen ein i Noreg måler vindstyrken i?

8. Kva er ei vindrose?

9. Kva varslar ei mørk kumulussky?

10. Kor lang tid tek det frå ei flo til den neste?

11. Kva er perlemorskyer?

12. Kva er El Niño?

13. Når ein snakkar om inversjon om vêret, kva betyr det?

14. Kva er solgangsvind?

15. Kva er bisol?

 

 

Svar:

1 Vêrfenomen er vêr som blir observert, opplevd eller kan sjåast på avstand. 2. Når det er glatt og mildvêr, og ein ramlar på fua (rumpa) 3. Polare lågtrykk 4. Sludd og slaps 5. Ja, det er mildvêr i desember, gjerne samtidig med julebaksten 6. Kråkenes fyr 7. Beaufortskalaen 8. Ei grafisk framstilling av framherskande vindretning og -hastigheit 9. Regn og torden 10. Tolv timar 11. Farga skyer som oppstår når sola skin på iskrystallar danna inne i skyene i store høgder 12. Ein tilstand med uvanleg høg overflatetemperatur i det sentrale og austlege Stillehavet nær ekvator, som igjen gjev utslag på den globale middeltemperaturen. 13. Det er eit meteorologisk uttrykk ein brukar når temperaturen stig med høgda, altså når det blir varmare i fjellet enn i låglandet 14. Vind som er vanleg langs kysten når landet blir varma opp av sola 15. Ein eller helst to lysflekkar på himmelen i ein viss avstand frå sola, danna av sollys som brytast i iskrystallar i lufta.

Powered by Labrador CMS