Laurdagsquizen handlar om musikk
Dagens quiz har fokus på ein sjanger som også har si foreining i Bø. Litt jazz kan vel ikkje skade på ein laurdag, seier me.
Norsk jazz i meir enn 60 år er dagens tema i laurdagsquizen.
1. Norsk jazz fekk sin første landsdekkande organisasjon i 1953. Kva heitte den?
2. Kor mange aktive jazzklubbar fanst det i Noreg i 1960?
3. Kvar blei landets første jazzfestival etablert?
4. Kva for ein jazzfestival blei nummer to og blei etablert nokre år etter?
5. Kva slag musikksjanger skapte eit tilbakeslag for jazzen i Noreg midt på 1960-talet?
6. Fem norske jazzmusikarar fekk internasjonal merksemd frå midt på 1960-talet. Kven er rekna for å vere først ut?
7. Dei fire neste jazzmusikarane som blei kjend i utlandet var menn. Jo fleire du kan nemne, jo meir applaus.
8. Ein av desse, ein saksofonist, spelte med ein kvedar frå Bø. Kva er namnet på kvedaren og saksofonisten?
9. Norsk jazz utvikla seg fort og i 1981 starta Norsk jazzforbund sitt eige plateselskap. Kva heiter det?
10. Norsk jazzforbund gav frå 1960 ut sitt eige tidskrift. Kva heiter det?
11. Kva by fekk det første undervisningstilbodet i jazz?
12. Jazzen kom til Bø også. Kva år fekk bygda eigen jazzklubb?
13.
Kva var namnet på nykomlingen? (Ikkje det same som i dag).
14. Ei gruppe som gjesta jazzklubben i Bø tidleg var Masqualero. Kan du namnet på nokre av musikarane i gruppa?
15. Bø hadde nokre år ein eigen jazzfestival. Kva heitte den?
Svar:
1 Norsk jazzforbund 2. Litt over 30 3. Molde i 1961 4. Kongsberg jazzfestival (i 1964) 5. Interessa for pop og rock eksploderte 6. Jazzsongaren Karin Krog 7. Saksofonisten Jan Garbarek, gitaristen Terje Rypdal, bassisten Arild Andersen og trommeslagaren Jon Christensen 8. Agnes Buen Garnås og Jan Garbarek 9. Odin 10. Jazznytt 11. Trondheim, ved Trøndelag musikkonservatorium 12. 1988 13. Bø jazzforum 14. Arild Andersen, Jon Christensen, Nils Petter Molvær, Jon Balke og Tore Brunborg 15. Gygrejazz