Quiz:

KVA KAN DU OM FJELL? Her frå ein lokal variant i Midt-Telemark.

Lyst til å teste deg på fjell og friluftsliv? 

Sjekk kva du kan om både lokale og nasjonale fjell - og andre ting om friluftsliv.

Publisert

1.  Kva for ein fjelltur er mest populær i Noreg?

2. Kor mange fjellvettreglar finst det?

3. Kor i Noreg er tregrensa høgast?

4. Frå kva for ein dato er det lov å jakte grevling?

5. Kva er det høgaste fjellet i Europa?

6. Og kor ligg det?

7. Kor mange land renn Nilen gjennom?

8. Kva er Seljord sitt høgaste fjell?

9. Kor djupt er Seljordsvatnet?

10. Kva heiter sona rett over skoggrensa?

11. Kor mange klimasoner må ein gjennom på veg til Kilimanjaro? 

12. Kva for eit år styrta det to fly i Seljord?

13. Kor var desse flya frå?

14. Kva for eit fjell i verda er ofte rekna som det vanskelegaste å klatre i?

15. Kor høg er tregrensa på Svalbard?

Svar: 

1) Preikestolen 2) Ni  3) Jotunheimen 4) 21. august 5) Elbrus  6) Russland 7) Elleve 8) Brattefjell 9) 153 meter, 10)  Lavalpin sone 11) Fire 12) 1944 13) USA og Tyskland 14) K2 15) 0 meter over havet 

Powered by Labrador CMS