SØRLANDSBANEN: Sørtoget på Bø stasjon.

Om tog før og nå, på bane, i film og musikk 

Publisert Sist oppdatert

1. Når kom det fyrste toget til Bø?

2. Kven kom i 1874 med det fyrste forslaget om jernbane gjennom Bø?

3. Seinare kom ein anna kar som jobba hardt for same sak. Kven?

4. Sørlandsbanen tek ein ekstra sving om Bø. Kva kallast den på folkemunne?

5. Fleire selskap køyrer nå tog i Noreg. Kven har Bergensbanen?

6. Viss du skal ta tog frå Bø til Bodø, kor mange selskap må du innom?

7. Når byrja Go-Ahead å køyre toga på Sørlandsbanen?

8. Viss du skal til Arendal, kor hen må du bytte tog?

9. Nordagutu stasjon kom før Bø stasjon. Når blei den opna?

10. Kva for banestrekning var den ein del av da?

11. Kor gjekk den i 1917?

12. Bratsbergbanen kom på grunn av ein spesiell bedrift. Kva for ein?

13. Eit band frå Midt-Telemark har låta Runaway Train. Kva for eit band?

14. Johnny Cash syng «I hear the train a-comin'». Kva heiter låta?

15. Norsk krim frå 1923 som blei film i 1928. Tittel?

 

Svar:

1) 1. desember 1924 2) Halvor Klasson Eika 3) Gjermund Nilsson Grivi 4) Grivisvingen 5) Vy 6) To. Go-Ahead frå Bø til Oslo, svenske SJ frå Oslo til Bodø. 7) I desember 2019 8) Nelaug stasjon 9) I 1917 10) Bratsbergbanen 11) Mellom Notodden og Borgestad. 12) Norsk Hydro 13) Kaasin 14) Folsom Prison Blues 15) Bergenstoget plyndret i natt

Powered by Labrador CMS