PÅ NORDAGUTU: Denne mannen laga show og var speaker under eit arrangement på Kjapp-bana på Nordagutu sist laurdag.

Prøv deg på ein aktuell lokal-quiz

Har du følgd med i lokalmiljøet den siste veka? Det kan løne seg dersom du vil svare på denne lokalquizen.

Publisert

1. Kva var årsaka til at over 300 personar møtte opp på idrettsanlegget på Nordagutu sist laurdag?

2. Kven stod som arrangør?

3. Kva for lag spelte i lokaloppgjeret?

4. Kva heiter han som laga show og var speaker?

5. Kva heiter næringsbygget som er lagt ut for sal på Gvarv?

6. Kva for eigarinteresser frå Bø er involvert?

7. Kven opna kafé på Sønstebøtunet sist veke?

8. Kva heiter den?

9. Kvar kan folk i Bø få ta influensavaksine utan å gå på legesenteret?

10. Ein bøhering lanserte bok sist laurdag. Kven?

11. Kva heiter den kjende avisredaktøren som var med på lanseringa?

12. Kva heiter bygget som reiser seg ved Bø hotell?

13. Kven er prosjektleiar for byggjeprosjektet?

14. Kven fronta folkeopprøret frå Oterholt grendelag mot nedlegging av Folkestad skule?

15. Kva parti snudde på hælen i siste liten i saka om Folkestad skule?

 

Svar:

1. Det var lokaloppgjer i fotball og stor folkefest 2. Sauherad IL 3. Sauherad IL og Skarphedin 3 (7. divisjon fotball) 4. Bjørn Arve Skjeslien 5. Aune-bygget 6. ITV Eiendomsutvikling AS ved Kjell Aage Verpe 7. Studentar ved innovasjon og entreprenørskap på USN Bø 8. Vaagal kaffebar 9. Ein kan bestille og få det på apoteka 10. Halvor Ulvenes 11. Ove Mellingen 12. Bø kunnskapspark 13. Kjell Arne Lunde 14. Gregar Høydal 15. Arbeiderpartiet

Powered by Labrador CMS