QUIZ: Kva veit du eigentleg om vinteren?

Quiz: Har du kontroll på vinteren?

Er du vintersmart, og veit mykje om årstida me er i? Sjekk kor iskaldt du kan svare på desse spørsmåla.

Publisert

1. Kor mange kantar har vanlegvis iskrystallar?

2. Kva for ein vinter er den kaldaste i Noreg sidan 1900?

3. Kor fort vil eit gjennomsnittleg snøfnugg falle mot bakken?

4. Når starta førre istid?

5. Kor mange ord for snø og is finst i det samiske språk?

6. Kor kaldt kan vatn bli utan å fryse? 

7. Kva er største snødybde målt i Noreg på flat mark (utanom på bre)?

8. Når vart Meteorologisk institutt i Noreg oppretta?

9. Kva er Noregs godkjente nasjonale kulderekord?

10. Kor mykje meir plass tek is samanlikna med vatn?

11. Noreg var ein gong verdas største eksportør av natur-is. Til kva for ein by gjekk isen?

12. Kor mykje vil havet stige dersom all is på Grønland smeltar?

13. Korleis blir tallerkenis danna?

14. Kor tjukk må stålis vere for å bere ein person på 100 kilo?

15. I kva for ei veke er det vanlegvis vinterferie i Midt-Telemark?

 

SVAR:

1. Seks 2. Vinteren 1965/1966, med gjennomsnittstemperatur på 11,5 minusgrader 3. 2-7 km/ timen 4. For cirka 115 000 år sidan 5. Meir enn 250 6. Ned mot minus 40 7. 5,85 meter vart målt på Finse i Hordaland i 1918. 8. I 1866 9. Minus 51,4 celsius, målt i Karasjok i 1886. 10. 9 prosent 11. På slutten av 1800-talet vart is frakta sjøvegen til London, der den vart selt til fiskehandlarar og andre som trong is. 12. Cirka 7 meter 13. Dei blir til når det frys til, på sjø eller vatn, der det er straumvirvlar i overflata. 14. 5 cm stålis, ein bil treng 20 cm stålis 15. I veke 8

Powered by Labrador CMS