FESTIVALASJEF: Lars Ottar Halvorsen var sjef for ein tidlegare festival som dukkar opp i vekas quiz.

Quiz om fine fjell og nutar - og litt anna

Quizen i Bø blad blir laga av dei tilsette på omgang. Spørsmåla kan til tider vera farga av det. Denne gongen er det Gro sin tur.

Publisert

1. Kor hen i Midt-Telemark finn me Korpenuten?

2. Kor høg er denne nuten?

3. Om våren ser du store mengder av ein vakker blom på vegen opp. Kva for blom?

4. Kva heiter den nedlagde grendeskulen på Vreimsida?

5. Når blei skulen nedlagt?

6. Og når blei den bygd?

7. Kva heitte pastoren som budde nær skulen?

8. Han og kona inviterte til store juletrefestar. Kva heitte kona?

9. Lenger vest på Vreimsida finst ein spesiell fjellformasjon. Kva heiter den?

10. Kva fortel soga om denne nuten?

11. Ein spesiell aktivitet er knytt til staden. Kva?

12. I Erikstein-området mellom dei to nutane var det før ein festival. Namn på festivalen?

13. Kven deltok på festivalen?

14. Øvre Bø hadde lenge eigen besinstasjon. Kva heitte den?

15. Kva heiter spelefilmen der bensinstasjonen er med?

 

Svar: 1) Bak Erikstein-gardane på Vreimsida i Øvre Bø 2) 418 m.o.h. 3) Blåveis 4) Vreim skule, også kalla Grotemo 5) I 1967 6) På 1880-talet 7) Edgar Edvardsen 8) Kari Edvardsen, født Vreim 9) Brurenuten 10) At den skal dette ned når to brudefølgje møtast der 11) Buldring 12) Ballesteinfestivalen 13) Fjellklatrarar frå mange land 14) AS Emils Auto Service 15) Halvvegs til Haugesund

Powered by Labrador CMS