Quiz:

Test deg sjølv: Kva kan du om førstehjelp?
Grunnleggjande kunnskap om førstehjelp kan redde liv eller redusere skadeomfanget. Test deg sjølv eller nokon du kjenner, og sjekk kva du kan om førstehjelp.
1. Kva for eit naudnummer ringer du ved medisinske akutte hendingar?
2. Kva står HLR for?
3. Kor mange brystkompresjonar og innblåsingar skal du gjere?
4. Korleis kan du gje frie luftvegar?
5. Kor lenge bør du sjekke om ein person pustar normalt?
6. Kva gjer du om personen ikkje pustar normalt?
7. Kva gjer du viss ein person er medvitslaus og pustar normalt?
8. Kan kven som helst bruke ein hjartestartar?
9. Kva er hugselappen for symptom på hjerneslag?
10. Når du kjem til eit skadestad, kva er det første du må vurdere?
11. Kva må du tenkje på når ein pasient ligg på bakken?
12. Korleis skal du kjøle ned brannskadar?
13. Kva slags eigentryggleik må du hugse på ved reinsing av sår eller blødingar?
14. Kva gjer du for å stanse ei bløding?
15. Viss ein person får eit krampeanfall, skal du putte noko i munnen på den som har anfallet?
SVAR:
1) 113 2) Hjarte- og lungeredning 3) 30 kompresjonar, 2 innblåsingar 4) Sjekk for framandlegeme i munnen. Bøy personen sitt hovud bakover og løft haka opp 5) Inntil 10 sekund, lytt med øyret til munnen 6) Ring 113 og start hjarte-lungeredning 7) Legg personen i sideleie 8) Ja, den er enkel i bruk og maskina gir deg snakkande og synlege instruksar 9) Prate (uklar, usamanhengande eller snøvlete tale) - smile (smiler skeivt) - løfte (kan personen løfte begge armane over hovudet samtidig?) 10) Eigentryggleik 11) Kroppstemperaturen vil synke raskt, sørg for å legge noko mellom pasient og bakken 12) Lunka vatn (cirka 20 grader) i 20 minutt. 13) Bruk gummihanskar for å beskytte deg mot infeksjonar og unngå direktekontakt med blodet 14) Trykk direkte i såret med fingrane eller ein hard gjenstand, få på ein kompress/sårbandasje, og hev sårskaden høgare enn hjartet om mogleg 15) Nei, det er farlegare å ha framandlegeme i munnen under eit krampeanfall.