Quiz:

VÅRTEIKN: Den vakre blåveisen som dukkar opp er eit sikkert vårteikn.

Test deg sjølv: Kva veit du om våren?

Våren er rett rundt hjørnet. Kva kan vel da passe betre enn ein liten quiz om årstida?

Publisert

1. Kva kallar ein dagen som inntreff i mars kvart år, der dag og natt er like lange?

2. Kva er eit anna namn for kvitsymre?

3. Rangér trekkfuglane etter kor tidleg dei kjem tilbake til Noreg om våren: Tårnseilar, bokfink og vipe.

4. Kva kallast larvestadiet hos frosk (stadiet mellom froskeegg og vaksen frosk)?

5. På kva tre dukkar det opp "gåsungar" om våren?

6. Kva er eit anna namn for leirfivel?

7. Kva er det spanske ordet for "vår"?

8. Kva er "papiret" som blir brukt til å omslutte ferske vårrullar (vårrullar som ikkje blir fritert) laga av?

9. Kva heiter byen der mesteparten av handlinga i teiknefilmserien "The Simpsons" finn stad?

10. Kva trekkfugl har det vitskaplege namnet "Anser anser"?

11. Kven skreiv romanen "Vårnatt"?

12. Kva heiter den romerske gudinna for våren, eller blomstring?

13. I kva for land meiner ein at ein har verdas største tulipanfest?

14. Kva heiter småløken som blir plukka før den er fullt utvaksen?

15. Kva er vårens stjernetegn i astrologien?

SVAR:

1) Vårjamdøgn 2) Kvitveis 3) 1. Vipe. 2. Bokfink. 3. Tårnseilar 4) Rumpetroll 5) Selje 6) Hestehov 7) Primavera 8) Ris (rispapir) 9) Springfield 10) Grågås 11) Tarjei Vesaas 12) Flora 13) I Ottawa i Canada 14) Vårlauk 15) Væren, Tyren og Tvillingane

Powered by Labrador CMS