Test deg sjølv: Spørsmål frå november
November er den 11. månaden i året. Her får du ein quiz med spørsmål knytt til november.
- Forfattaren Nordahl Grieg vart fødd 1. november 1902. I kva for ein norsk by?
- Yitzhak Rabin, tidlegare statsminister i Israel, vart skoten i november 1995. Kva for eit år fekk han Nobels fredspris?
- Berlinmuren fall 9. november 1989. Kva for eit år starta bygginga av muren?
- Kor mange dagar er det i november?
- Astrid Anna Emilia Ericsson kom til verda 14. november 1907, kva namn er ho betre kjend for?
- Fidel Castro døydde 25. november 2016 i Havanna. Når vart han statsminister på Cuba?
- 26. november 1942 vart 532 norske jødar deporterte ut av landet - kva heitte skipet dei vart frakta med?
- 28. november 1994 var det folkerøysting i Noreg. Kva handla den om?
- Kva heiter den årlege kampanjen for menns helse i november, der ein gror bart?
- Kva for eit amerikansk rockeband hadde ein superhit på starten av 90-talet med låta "November Rain"?
- Kva for ei viktig høgtid i USA fell alltid på den fjerde torsdagen i november?
- Den 1. november 1755 vart ein europeisk hovudstad råka av tre kraftige jordskjelv som førte til storbrann og flodbølgje og at 13.000 menneske omkom. Kva for ein by?
- Kven blir konge av Noreg i november 1299?
- Kven vart vald til norsk konge 13. november 1905?
- I november 1923 vart Sovjetunionens nye flagg tatt i bruk. Korleis såg det ut?
SVAR:
- Bergen 2. 1994 3. 1961 4. 30 5. Astrid Lindgren. 6. I januar 1959, etter Den cubanske revolusjonen 7. DS «Donau». 8. Om Noreg skulle få for norsk EU-medlemskap eller ikkje. 9. Movember 10. Guns N'Roses 11. Thanksgiving 12. Lisboa 13. Håkon V Magnusson 14. Prins Carl av Danmark 15. Raudt med symbola hammer og sigd i gull.