
Vekas quiz: Litt om film og musikk
1. Filmsalongen ved Bø kino viste denne veka «The room next door». Kven har regissert filmen?
2. Kvar for land er regissøren frå?
3. I filmane hans ser ein ofte ein skodespelar med fornamn Penélope. Kva er etternamnet?
4. Kva heiter sjørøvarfilmen frå 2011 som ho spelar i?
5. Kven har hovudrolla?
6. Kva heiter karakteren hans?
7. Ein kjent rockemusikar spelar i same film. Kven?
8. Kva heiter bandet han spelar i?
9. I februar kjem ein ny kinofilm om ein annan kjent musikar. Kven?
10. Kva heiter filmen?
11. Ein musikar frå Telemark har framført songane hans på norsk. Kven?
12. Og kva heiter diktaren han opptrer med?
13. Kva heiter bandet ein møter i konsertfilmen «The Last Waltz» frå 1978?
14. Nyleg døydde det siste medlemmet i bandet. Kven?
15. Kva heiter kinosjefen i Midt-Telemark?
Svar: 1) Pedro Almodóvar 2) Spania 3) Cruz 4) Pirates of the Caribbean: On stranger tides 5) Johnny Depp 6) Jack Sparrow 7) Keith Richards 8) Rolling Stones 9) Bob Dylan 10) A Complete Unknown 11) Kåre Virud 12) Jan Erik Vold 13) The Band 14) Garth Hudson 15) Anita Kristensen