SIDESPRANG: Turid Sveinsson er fast spaltist i Bø blad.
Hilde Eika Nesje
– Alle reiser er ein omveg heim
Turid Sveinsson flytta den lange vegen frå Seljord te Bø i 1999. Ho held til i Puttland, og arbeider med det ho er utdanna som: hjelpepleiar/helsefagarbeidar. Ho er òg aktivitetskontakt og nøgd med val av yrke, for ho er glad i å jobbe med og rundt menneske. Turid er tilhengar av å bruke dei flotte turmulegheitene me har. Frå april til oktober er ho helst oppå Lifjell, eller ei anna høgde rundt forbi. Ei artig historie blir sett pris på, og ein god latter stend høgt i kurs . Ho er glad i song og musikk, og ein bra film er heller ikkje å forakte ein ledig kveld.
Eg har vore så heldig å fått besøkt meg både i Danmark og Spania dei siste vekene. I grunn ganske så vilt til meg å vere. I Legoland fekk eg svinga meg i det som var av berg-og dalbaner. Men villare skulle det bli. For kronekursen var av det slaget at min danske doble mocca på havremjølk kom på svimlande 96 kroner og 23 øre i norske kroner. Kaffen var heller ikkje som Husly sin, så det var i grunn ein stor nedtur. Så vil ein ha seg ein meir rimeleg ferietur, så stikk lengre sydover.