Inkiri Abrahamsson:
F
Alt blir bra?
Inkiri Abrahamsson er utdanna skodespelar frå Nordic Black Theatre, og har tidlegare vore programleiar for radiOrakel og P3. Ho kallar seg sjølv for humoragent og omreisande sirkus i Bø. Ho er brukarrepresentant for BAR, barn av rusmisbrukarar, født på skuggesida, men kom seg over på solsida for cirka eit kvarter sidan. Ho er anonym akademikar og i ferd med å kome ut av skapet som ein frisk-luft-person (ein som likar friluftsliv).
Sakte, men sikkert opnar samfunnet opp igjen. Avstand har blitt den nye nærleik no. Det er fort gjort å gløyme når du er på butikken og skal handle inn til tacofredag.