FAST SPALTIST I BØ BLAD: Bjørn Arve Skjeslien frå Akkerhaugen.
Hilde Eika Nesje
Amerikanske tilstandar og leirjord
Bjørn Arve Skjeslien er akkerhauging, lokalpatriot, promotør, manager, bassist og dugnadsarbeidar i Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS). Periodevis låtskrivar med eit album på samvitet, og eit som han jobbar med å få ferdig. Likar seg godt i båt og planlegg å reisa frå Akkerhaugen til Europas indre med snekka si. Heim nummer to etter Akkerhaugen er på Madeira der han budde i to år.
I Midt-Telemark har me ein ordførar som er i ein slags evig valkamp – den folkelege framferda vil ingen ende ta. Ho prøver nye yrker for ein dag, ho har utekontor og ho legg ut fleire sjølfiar i løpet av året enn Sophie Elise. Ho har blitt eit fenomen som står i sterk kontrast til det gubbeveldet Senterpartiet i Bø og Sauherad har vore kjend for så lenge nokon kan hugse.