Fast spaltist i Bø blad, Halvor Langåsdalen.
Gro B. Røiland
– Det handlar om å finne den riktige tonen
Halvor Langåsdalen er pensjonert ektefødt og evigverande Hjartdøl. Utvikla seg via realskule og gymnas i Bø, studie i Oslo. Kom til Gvarv som lege i 1976. Vore allmennpraktikar, distriktslegevikar, tilsynslege for helsestasjon, skule, sjukeheim og rekonvalesentheim, rådgjevande lege for Trygdeetaten/NAV i «halve Telemark», utvikla Landbrukets HMS-teneste, for heile landet, som fagsjef helse i fleire år, siste 25 åra bedriftslege/dagleg leiar i bedriftshelsetenesta SAMT i Midt-Telemark. Nyt no tilværet som pensjonist, gjer ikkje meir enn eg må og kosar meg med familien som bestefar! For å halde meg mentalt vaken, er eg, med stor glede, medlem og leiar av av Eldrerådet i kommunen.
Eg er oppteken av ord som kan ha ulike meiningar. Eit slikt ord er «tonen». Dei fann tonen seier me, om to som kom til å snakke lett saman. Å finne tonen er essensielt når ein skal ha ei god samtale. Da gjeld det å lye, like mykje som å snakke.