FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det sterkaste symbolet på fridom er kanskje fuglen

Kjell Bitustøyl er skribent, fagbokforfattar og fotograf. Oppvaksen i Rauland, busett i Bø sidan 1990. Har skifta yrke fleire gonger og fann vel eigentleg aldri heilt ut kva han ville bli. Men kultur og musikkformidling har vore ein raud tråd ved sida av naturopplevingar der fjell, reinsdyr og fuglar er favorittane. Det heile godt oppblanda med sosialt instinkt.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg fekk eg høyre songen som presidentkandidat Kamala Harris har valt som sin kampanjesong, «Freedom»,ein sterk song framført av Beyoncé og rapparen Kendrick Lamar. Songen blei sist brukt som kamprop i samband med Black Lives Matter-demonstrasjonane i 2020 i USA i etterkant av drapet på George Floyd. Fridom er kanskje det ordet i språket vårt som kling aller best, som er av det viktigaste for folk. Og det sterkaste symbolet på fridom er kanskje fuglen eller fuglane, for dei bryr seg ikkje om landegrenser, dei flyg mellom sør og nord, eller på tvers på leit etter mat eller ein make å slå seg saman med. Og kva er det Leonard Cohen syng? Like a bird on the wire – I have tried to be free.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS