FAST SPALTIST I BØ BLAD: Kaja Bø Kaasa frå Breisås.
Hilde Eika Nesje
Einsam student
Kaja Bø Kaasa (29) er Breisås-jente med eit stort hjarte for natur, kultur og tradisjon, og historieforteljing. Ho er utdanna innan teater og kultur, med ein bachelor i anvendt teatervitskap og historie frå NTNU, og ein bachelor i kulturleiing frå USN. Ho tek for tida ein master i kulturstudium ved USN. Ho har tidlegare vore engasjert av Telemarkfestivalen som festival/frivillig-koordinator, vore arrangementsvert og potet i Gullbring kulturhus, og sit no i styret til Bø Jazzklubb.
I haust tok eg opp att masterstudiet, og er det ein ting eg har bite meg merke i sidan, er det kor einsamt studenttilveret har blitt. For skal eg vera ærleg, så kjenner eg på einsamheit. Det er kanskje ikkje så rart, når ein er den einaste på studiet som bur på studiestaden, og berre 4 av 24 forelesingar i faget eg tek i haust er fysiske. Resten er digitale. Ein skulle kanskje tru at eg gjekk på nettstudium, men nei, det gjer eg faktisk ikkje, i teorien. Er det noko eg fekk nok av under koronaen som student, så var det digitale forelesingar. Det må vera den verste forma å få inn kunnskap på, i mine auge. Desse digitale forelesingane har blitt hengande igjen som ein verkbyll, som berre veks seg større. Fleire og fleire studium blir delvis eller heilt digitaliserte, og einsemda blant studentane berre veks. Kan det vera ein samanheng tru? Eg trur det.